Filigransfasan er ein middels stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Polyplectron bicalcaratum
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 680 gram og hofuglane rundt 480 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Filigransfasan lever i hovudsak av frukt, virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 21 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.