I nynorsk er det tradisjon for bruk av fullvokalar i bøyingsendingar. Ivar Aasen brukte i landsmålet fullvokalar i til dømes substantivbøyinga. Han sette opp dette systemet:
Eintal ubest. |
Eintal bestemt |
Fleirtal ubest. |
Fleirtal bestemt |
ein arm |
armen |
armar |
armarne |
ei skål |
skåli |
skåler |
skålerna |
ei visa |
visa |
visor |
visorna |
eit hus |
huset |
hus |
husi |
Legg merke til fullvokalen -a i fleirtal av hankjønnsorda (armar) og vokalen -i i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord (skåli) og i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda (husi). I fleirtal av dei svake hokjønnsorda brukte Aasen endingsvokalen -o (visor) for å spegla att endingane -ur og ‑or i dialektene.
Arne Garborg og Rasmus Flo la i 1899 fram ei ny skriftnorm for nynorsken, som blei kalla «midlandsnormalen». Denne norma blei vedtatt som sideform til bruk av elevane i skulen. Det mest karakteristiske med midlandsnormalen var «den norske triklangen», som refererte til endingar med dei tre fullvokalane -ar, -ir og -ur i fleirtal av substantiva: fleire hestar, skålir og visur. Svake hokjønnsord av jamvektstypen fekk i midlandsnormalen denne bøyinga: ei sogu – den sogo – fleire sogur – alle sogune.
Nynorsk har halde på fullvokalen -a som ending i infinitiv, sidestilt med -e: å kjøpe eller å kjøpa. Også kløyvd infinitiv blir nytta på nynorsk, som valfritt system: å kjøpe, men å vera.
Formene med -i og -ur i hokjønnsord, typen den bygdi (bestemt eintal) og fleire visor (ubestemt fleirtal) blei brukte i nynorsk til ut på 1900-talet. I 1917 kom formene den bygda og fleire viser inn som valfrie former, ved sida av bygdi og visor. I 2012 vart formene bygdi og visor tatt ut av nynorsknormalen, og einaste bøyingsformer i hokjønn vart då ei bygd – den bygda og ei vise – fleire viser – alle visene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.