Genus er eit anna ord for grammatisk kjønn, som er ulike klassar av substantiv. På norsk finst det tre genus: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Framfor hankjønnsord kan ein setje artikkelen ein (som ein bil), framfor hokjønnsord kan ein setje ei (som ei bok), og framfor inkjekjønnsord kan ein setje eit (som eit hus).
Kvart genus krev ulik kongruens (samsvarsbøying) i andre ord. Her er nokre norske døme som viser korleis determinativ, adjektiv og possessiv endrar form etter genuset til substantivet dei står til:
- hankjønn: ein liten bil; bilen min er liten
- hokjønn: ei lita bok; boka mi er lita
- inkjekjønn: eit lite hus; huset mitt er lite
Det er denne kongruensen som viser kva genus eit substantiv har, og ikkje korleis substantivet blir bøygt.
Det finst språk med så mange som tjue genus. Genus er eit relativt vanleg fenomen. Det finst språk med genus i alle verdsdelar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.