Merkantilismen, som var den rådande økonomiske oppfatninga frå 1500- til 1700-talet, såg på det å ha eit handelsoverskot mot utlandet som noko av det viktigaste for rikdomen til eit land. Originalt var dette motivert av at ein rekna rikdomen til eit land etter kor mykje edelt metall det eigde, og då var eit handelsoverskot sett på som den tryggaste måten å finansiere kjøp av gull og sølv. Etter kvart vart synet på kva som gjorde eit land rikt, utvida, men fokuset på å eksportere meir enn ein importerte stod ved lag. Internasjonal handel var sett på som eit nullsumspel.
Med liberalismen på 1800-talet kom eit skifte bort frå vektlegginga av handelsbalansen. Tenkarar som John Locke, David Hume og Adam Smith meinte at import ikkje trong å vere negativt for rikdomen til eit land dersom varene kunne produserast meir effektivt ein annan stad. Heller enn å prøve å produsere alt ein treng innanlands, argumenterte liberalistane for å spesialisere seg på det ein var best på, og så nytte inntektene ein fekk frå å eksportere det, til å importere andre varer.
Dette synet vart i 1817 vidareutvikla av David Ricardo til idéen om komparative fortrinn. I modellen hans tener land på å spesialisere seg og deretter handle med kvarandre, sjølv dersom eitt av landa er betre på å produsere kvar einaste vare. Dersom det mest effektive landet fokuserer på å produsere det dei har aller størst fordel på, og importerer der dei har ein relativt sett mindre fordel, aukar total produksjon i landa, og vinninga blir delt mellom dei. Dermed hevda Ricardo at eit land med eit handelsunderskot likevel kan bli rikare enn eit proteksjonistisk land med handelsoverskot.
I nyare tid har økonomar som Paul Krugman framheva at sjølv om land tener på handel, kan det òg føre til meir ulik inntektsfordeling. Nykeynesianare som Krugman er generelt for handel, men påpeikar at dei som arbeider i næring som må leggast ned grunna konkurranse frå utlandet, vil komme tapande ut om ikkje gevinsten frå handel blir fordelt til dei òg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.