Hanndyrlova er ei norsk lov som avgrensar retten til å sleppe visse hanndyr ut på beite. Lova omfattar hingstar, okser, vêrar og geitebukkar. Formålet med lova er å unngå uorganisert og tilfeldig avlhusdyr.

Faktaboks

Fullt namn
lov om avgrensing i retten til å sleppa hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite
Kortnamn
hanndyrlova
Tredd i kraft
01.01.1971
Lovdata-ID
NL/lov/1970-03-06-5

Lova gir forbod mot å sleppe hanndyra som er omfatta av lova ut på beite over ei viss angitt alder, og å la dei vere ute på beite når dei når en slik alder, viss dei kan komme i kontakt med hodyr av samme art som tilhøyrer andre dyreeigarar. Når det gjeld hingstar, viser lova til husdyravlslova.

Lova kan fråvikast med forskrifter lokalt og med dispensasjon frå Landbruks- og matdepartementet særleg for å etterkomme lokale og tidsmessige variasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg