Hettegribb er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Necrosyrtes monachus
- Beskriven av
- (Temminck, 1823)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt 2,1 kilo.
Arten er knytt til fleire ulike habitat, mellom anna temperert skog, beitelandskap, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, og tropisk fjellskog. Hettegribb lever av åtsel som han finn på bakken.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 51 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre månader etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.