I 1977 opna klubben The Warehouse i Chicago med DJen Frankie Knuckles i ei sentral rolle. Til å byrje med var det i hovudsak afrikansk-amerikanske og latin-amerikanske homofile menn i housemiljøet. Etterkvart som populariteten til sjangeren auka, utvida også klientellet seg. Musikken frå klubbmiljøa i Chicago og USA vart introdusert til Storbritannia via New York i 1986 og middelhavsøya Ibiza året etter. Etter dette vart house særs stort i London og etterkvart også ei eksportvare frå Storbritannia som ein del av ei underhaldningspakke kalla Acid House parties – betre kjent som rave.
Historisk sett er house ein direkte etterkommar av diskomusikk, men sjangeren er også inspirert av både gospel, soul, funk og R&B. Dei amerikanske DJane som utvikla house tok plater frå desse stilartane og remiksa dei for å gjere dei tilgjengelege og passande for dansegolvet ved å tilføre perkusjon frå nyutvikla trommemaskiner.
I byrjinga var housetracks nokså «enkle» og bestod av eit trommemønster, ei ukomplisert bassline, nokre synthesizerar samt sporadisk bruk av vokal. Det skjedde så ei gradvis utvikling med ny teknologi som resulterte i ei hybridisering av house. Tempoet på eit housetrack kan variere frå 110 til 140 bpm, men ligg som regel kring 125–128 taktslag per minutt. Enkle, repeterande rytmiske og melodiske mønster samt effektar blir lagt lag på lag etter 2, 4, 8 eller 16 takter, og skapar så ein kompleks og variert heilskap. House kan vere både med og utan vokal, og dersom det er bruk av vokal er dette vokalsampel som ofte er klipt opp og digitalt redigert. Vokalinnslaga er repeterande og oppløftande mantra sentrert rundt ord som «freedom», «love», «hope» og «community». Dette er kopla til eit kjerneomgrep i klubbkultur, nemleg PLUR som står for Peace, Love, Unity og Respect.
Mangfaldet innan house som har vakse fram dei siste åra har resultert i ein sjanger som har blitt både fragmentert og omgangsrik med ei lang rekke med undersjangrar som aspirerer til ulike estetiske lydideal. Nokre dømer på dette er deep house, minimalistisk house, acid house, Chicago house, fransk house, progressiv house og tropisk house.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.