Korrosjon er oppløysing av metalliske materiale (metall og legeringar), hovudsakleg på grunn av spontane elektrokjemiske reaksjonar. Rust er eit folkeleg namn på produktet av korrosjon av jern.
Korrosjon skjer ofte fordi det er gunstig energimessig at metall dannar meir stabile forbindingar som til dømes oksid eller hydroksid. Det er ein tendens til at fabrikkerte materiale går tilbake til den opphavlege tilstanden sin slik dei finst i naturen.
Reine mekaniske faktorar som løyser opp materiale, blir ikkje rekna som korrosjon, men mekanisk påverknad kan gi opphav til spesielle korrosjonsformer, som til dømes spenningskorrosjon.
Korrosjon har store økonomiske konsekvensar i moderne samfunn. Det er derfor viktig å nytte gode metodar for korrosjonsbeskyttelse saman med fornuftige val av materiale.
Kommentarar (1)
skreiv Gard Orvik Nilssen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.