Leirtrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Turdus grayi
- Beskriven av
- Bonaparte, 1838
Som vaksen er fuglen ca. 25 cm lang og veg rundt 72 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, urbane område, og tørr og fuktig tropisk skog. Leirtrost lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar.
Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.
Leirtrost lever vanlegvis i rundt ti år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.