Nymfepitta er ein stor sporvefugl i pittafamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og Aust-Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Pitta nympha
- Beskriven av
- Temminck & Schlegel, 1850
Vaksne hannar veg rundt 110 gram og hofuglane rundt 72 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, plantasjar, fuktig tropisk buskmark, og elvar og bekker. Nymfepitta lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.