Overdel er øvste delen av eit klesplagg.
Faktaboks
- Også kjend som
- ovdeil, ovdill, avardeld (Hallingdal)
I Noreg kunne overdel før bli brukt om skjorte eller underliv, og somme stader kan det også sjå ut til å vere brukt om overdelen av serken, når denne var av eit anna og finare stoff enn nederdelen.
I kvinnedrakt vart overdelen brukt innunder livet eller selene på stakken. Han var vanlegvis kvit, av bomull eller lin.
I Telemark var skjortene broderte, mest på halslinninga og ermelinningane, men også på bolen framme, og av og til eit lite stykke på kvar skulder inst mot halsen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.