Tema for rettshistoria er rettens historie. Rettshistorie er både eit rettsvitskapleg og historievitskapleg fagfelt.
Innan rettsvitskapen er rettshistorie eit gjennomgåande fagfelt, som vil seia at det ikkje er avgrensa til einskilde rettsområde som til dømes strafferett, prosessrett, forvaltningsrett eller erstatningsrett. Dette er ein status rettshistoria deler med andre rettsvitskaplege fagfelt som til dømes rettsfilosofi, rettssosiologi og rettsøkonomi. Rettshistorie vert av den grunn gjerne forstått innan rettsvitskapen som eit perspektivfag, eller som eit bindestreksfag som binder saman rettsvitskapen med andre vitskapar. Dette i motsetnad til fagfeltet rettsvitskap, som handsamar rettsreglar innan sitt felt.
Innan historievitskapen er rettshistorie eit fagfelt med ein eigen innfallsvinkel til samfunnet, på same måte som til dømes politisk historie, sosialhistorie og økonomisk historie. Men rettshistorie er òg eit profesjonshistorisk fagfelt på same måte som medisinsk historie. Det vil seia at det i staden for å gjera teneste som ein innfallsvinkel til samfunnet, vert undersøkt og formidla som ein eigen sfære i samfunnet. Ei rad filologar har arbeidd historisk med rettshistoriske tema frå mellomalderen.
Ein kan dela rettshistoria opp i ein indre og ytre rettshistorie. Den indre rettshistoria handsamar til dømes retten sine institusjonar, rettsvitskapen og rettskjeldene. Dette er gjerne tema for den rettsvitskaplege rettshistoria. Den ytre rettshistoria handsamar til dømes retten sin sosiale funksjon og konsekvensar, rett som politisk instrument og rett som kulturuttrykk. Dette er gjerne tema i den historievitskaplege rettshistoria.
Kommentarar (3)
skreiv Jonas Jørstad
Jeg har oppdaget at Østfold og Follo er overført fra Borgarting til Eidsivating lagmannsrett. Det som da gjenstår av Borgarting, er etter det jeg kan forstå gamle Buskerud, Oslo, og Asker og Bærum. Dermed ligger det aller meste av det gamle Borgartinget utenfor det nåværende Borgartings område; nemlig i Eidsivating og Agder. Borgartings historiske sentrum, Borg (Sarpsborg), ligger milevis fra det nåværende Borgartinget. Burde ikke den nye lagmannsretten for Buskerud og Oslo finne et annet, og mer dekkende navn?
svarte Jørn Øyrehagen Sunde
Lagmannsrettane vart innført på ny med straffeprosesslova som domstolar som skulle handsama dei nye jurysakene. Lekmannsdeltakinga i norske domstolar vart sterket redusert i 1797, og då vart òg dei gamle lagmannsrettane med røter i Landslova av 1274 avskaffa. Samstundes vart lekmannsdeltaking i domstolane eit stort tema etter den franske revolusjon i 1789, men då ikkje i form av meddomsmenn, slik praksis hadde vore i Norge, men i form av ein jury. Dette vart diskutert alt på Eidsvoll i 1814, og seinare på heile 1800-talet før Venstre fekk det innført med ny straffeprosesslov i 1887. Eit viktig argument var at ein hadde hatt ein jury etter Landslova av 1274. Difor burde ein innføra òg domstolsordninga som juryordninga hadde vore ein del av. Dermed fekk ein på ny lagmannsrettar i Norge. Fordi det var eit poeng at den nye ordninga skulle korrespondera med den mellomalderske, fekk dei òg namn og område som tilsvarte dei gamle lagmannsregionane Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting. I tillegg vart Hålogaland lagmannsrett oppretta, og historisk var det ikkje heilt feil: det hadde vore ein ganske så sjølvstendig lagmann med sete fyrst i Vågan og så på Steigen i mellomalderen. Desse domstolane var altså reine jurydomstolar, men med tvistelova av 1915 handsama dei òg sivile saker, ofte med meddomsmenn. Men frå dette tidspunktet vert det historiske mindre og mindre viktig, og det praktiske meir og meir viktig. Det ser ein alt i 1936, då ordninga med at lagmannsrettane òg skulle handsama sivile saker endeleg vart effektuert, og ein oppretta ein lagstol i Agder som fekk ein jurisdiksjonsområde som ikkje hadde røter i mellomalderen. Det har òg skjedd mange andre endringar opp gjennom åra. På grunn av det store folketalsveksten i Osloområdet, samt at mange bedrifter har Oslo tingrett som verneting, har gort at Borgarting lagmannsrett har fått alt for mange saker. I staden for å gjera denne lagmannsretten lagt større enn dei andre lagmannsrettane i Norge, har ein i staden valt å overføra deler av Borgarting sitt jurisdiksjonsområde til den mindre travle Eidsivating. Akkurat som det var praktiske omsyn som gjorde at ein avskaffa juryordninga frå 1887 i 2017, er det altså praktiske omsyn som gjer at ein justerer lagmannsrettane sine jurisdiksjonsgrenser, og ikkje historiske omsyn.
skreiv Jonas Jørstad
Takk for interessant forklaring. Eg skjønar godt grunngjevinga for å gjera Borgarting mindre. Etter fleirtalet i domstollkommisjon si vurdering (NOU 2019:19) kunne jo Borgarting ha vore endå mindre, berre området frå Ringerike til Oslo. Det blir altså langt vekt på at utviklinga av dei moderne lagmannsrettane har vore slik at den historiske koplinga til rettsskipinga i mellomalderen er broten, og at det slik sett ikkje betyr noko kvar namnet Borgarting blir brukt. Undringa mi kom berre av det reint geografiske, at lagdømmet nesten har flytta seg vekk frå det geografiske utgangspunktet. Jamfør at Borg biskedømme og Borgarting lagdømme, begge med namn frå (Sarps)Borg, nå ikkje ein gong overlappar einannen. Men namnet skjemmer ingen, så det går sikkert bra.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.