Rosenskjestork er ein stor fugleart i ibisfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Platalea ajaja
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang og veg rundt 1,5 kilo.
Arten er knytt til myr og innsjøar med ferskvatn. Rosenskjestork lever av fisk og virvellause dyr (invertebratar).
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.
Rosenskjestork lever vanlegvis i rundt 8 år, men enkelte individ kan bli opptil 28 år gamle.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.