Rustbuktrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Turdus rufiventris
- Beskriven av
- Vieillot, 1818
Som vaksen er fuglen ca. 24 cm lang og veg rundt 70 gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog, og tørr og fuktig savanne. Rustbuktrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.