Stalinismen representerte eit brot med tanken om verdsrevolusjon, og prioriterte å bygge «sosialisme i eitt land» i staden. Stalin sjølv sette ideen om sosialisme i eitt land i motsetnad til Lev Trotskijs «permanente revolusjon». Revolusjonen skulle ikkje berre byrje i eit svakt industrialisert land, slik også Lenin og Trotskij hadde meint, men jamvel fullførast her, nærmast som eit sjølvbergingsprosjekt. I ein berømt tale i 1929 sa Stalin at «vi er 50–100 år bak dei utvikla landa» og at «vi har 10 år på oss» til å industrialisere, elles vil «dei knuse oss».
Samanlikna med Lenin og Trotskij har Stalin levert få sentrale bidrag til marxistisk politisk filosofi. Eit unntak er ein tekst frå tida før revolusjonen, nemleg «Marxismen og det nasjonale spørsmålet» (1913), som ser nasjonen som noko som særleg har vakse fram under kapitalismen. Under sjølve stalinismen blei nasjonsoppfatninga langt meir essensialistisk. Frå 1932 fekk alle sovjetborgarar nasjonaliteten (etnisiteten) sin oppført i passet sitt.
Den sentrale ideen om sovjetiske nasjonar under stalinismen er «folkevenskap» (russisk: druzjba narodov). Denne ideen kom i staden for den antiimperialistiske og Russlands-kritiske nasjonalitetspolitikken frå 1920-talet. Den russiske nasjonen og staten blei no rehabilitert som ei historisk progressiv kraft: Russarar har gjennom historia danna «venskaplege» relasjonar til nabofolk, og innlemminga av andre nasjonar i ulike russiske imperium har vore frigjerande for desse ikkje-russiske gruppene. Imperialisme blei dermed noko som berre fanst utanfor Sovjetunionen. Tanken om ein særleg venskap mellom russiske og ikkje-russiske folk blei uttrykt i mange visuelle framstillingar og ikkje minst i læreboka Sovjetunionens historie: Kort kurs (1937).
Den viktigaste ideologiske teksten under stalinismen var Det sovjetiske kommunistpartiets historie: Kort kurs (1938). Stalin tinga verket, skreiv sjølv kapittelet om dialektisk materialisme, og tok elles ei aktiv rolle i redigeringa av teksten. Boka fortel parallelt om utviklinga av den «sanne», «vitskaplege» varianten av marxismen (Lenins lære), om det russiske og seinare sovjetiske kommunistpartiets danning og framvekst som revolusjonens hovudaktør på vegne av arbeidarklassen, og om sjølve revolusjonen og Sovjetunionens historie. Framstillinga konstruerer ein mytisk einskap av filosofi, land og parti.
Leiarkulten pregar Det sovjetiske kommunistpartiets historie i form av utstrekt sitering frå tekstar av Lenin og Stalin. I tillegg blir det lagt stor vekt på kampen mot eksterne og interne fiendar og avvikarar, ikkje minst «trotskistar». Det er såleis ei bok som legitimerer partileiinga og Stalins makt i ei tid etter store omveltingar og utskiftingar. Og ikkje minst blir Stalin framstilt som den rette vidareføraren av Lenins prosjekt. Boka blei trykt i millionar av eksemplar på ei rekke språk og var lenge obligatorisk lesnad for alle sovjetborgarar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.