Vepsisk er eit austersjøfinsk språk. Dei austersjøfinske språka høyrer til den finsk-ugriske greina av den uralske språkfamilien. Vepsisk er med andre ord ein nær slektning av mellom anna finsk, karelsk og estisk, og er det austlegaste av dei austersjøfinske språka.
Vepsisk blir snakka av rundt 3600 av dei rundt 6000 etniske vepsarane (folketeljing, 2010), som bur i Russland, i området mellom innsjøane Ladoga, Onega og Belojesjøen.
Språket blir delt i fire hovuddialektar:
- den nordlege dialekten på sørvestsida av Onega
- sentraldialekten mellom den nordlege dialekten og elva Ojat' (Оять)
- den sørlege dialekten sønnanfor elva Ojat'
- den austlege dialekten ved Belojesjøen
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.