Kripos driv eiga etterforsking av alvorleg kriminalitet, og dei hjelper politiet rundt om i Noreg, når det dukkar opp alvorlege kriminalsaker der.
I Kripos jobbar det mange ekspertar. Nokre veit veldig mykje om korleis ein skal sikre bevis frå ein stad det har skjedd noko kriminelt. Andre veit mykje om kriminalitet på internett.
Kripos har eigne laboratorium, der dei jobbar med å finne bevis for kriminelle handlingar. Dei kan for eksempel undersøkje hårstrå, som er funne der det har skjedd eit drap, og finne ut kven håret kjem frå.
Kripos jobbar òg med å avlytte telefonar, for å finne ut om nokon planlegg eller gjer noko kriminelt. Denne typen etterforsking er skjult, for at dei som blir avlytta ikkje skal vite at Kripos følgjer med på kva dei gjer. Kripos må ha løyve frå ein domstol, for å kunne avlytte.