Veggen på hovudkontoret til Telenor, der det står Telenor Group.
Telenor er eit stort, norsk allmennaksjeselskap. Dei sel mellom anna abonnement til telefonar og internett. Den norske staten eig meir enn halvparten av aksjane i Telenor.
Foto
Av /NTB.

Aksjeselskap er ein måte å organisere og eige ei bedrift på. Ein aksje er ein liten bit av bedrifta. Selskap tyder i denne samanhengen omtrent det same som bedrift.

Dei som eig éin eller fleire aksjar i eit selskap, eig ein bit av aksjeselskapet. Eigarane blir kalla aksjonærar. Aksjeselskap blir forkorta AS, og det står ofte i namnet til ei bedrift at det er eit AS.

I Noreg er det svært vanleg at bedrifter er aksjeselskap. Det er mange fordelar med at ei bedrift er eit aksjeselskap. Ein viktig fordel er at tilsette har rett til lønn og sjukepengar. Ein annan er at aksjonærane slepp å betale gjelda til eit aksjeselskap av eigne pengar, dersom det går konkurs.

Å starte eit aksjeselskap

Dei som startar aksjeselskapet, må avgjere kor mange aksjar selskapet skal delast opp, i og kor mykje éin aksje skal koste. Alle aksjane må ha same pris.

Så må dei selje aksjane, slik at det kjem pengar inn i selskapet. Pengane ein får for å selje aksjane, heiter aksjekapital. I Noreg må eit nytt aksjeselskap ha minst 30 000 kroner i aksjekapital.

Aksjane i eit selskap kan eigast av ein person åleine, eller av fleire personar. Dei som har mange aksjar i selskapet, eig meir av selskapet enn dei som eig færre aksjar.

Ein fordel med aksjeselskap er at det er lett å kjøpe og selje delar av bedrift. Det er òg mogleg for nye eigarar å kjøpe seg inn i selskapet, utan at dei må kjøpe heile bedrifta. Personar som kjøper seg inn i aksjeselskap, kan òg kallast investorar.

Tilsette og rettane deira

Eit aksjeselskap kan tilsetje folk. Aksjeselskapet må då betale lønn, og dei tilsette har rett på mellom anna sjukepengar og dagpengar, dersom dei treng det. Eigarane av eit aksjeselskap kan òg sjølv vere tilsett og få dei same rettane. Slik er det ikkje, dersom ein driv enkeltpersonføretak, som ein eig sjølv.

Generalforsamling

Mange personar sit på rekke i eit auditorium. To rekk opp handa for å stemme.
Alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal halde generalforsamling minst éin gong i året. Då treffest alle som eig aksjar i selskapet, og får vere med på å bestemme. Biletet syner ei generalforsamling i banken DNB ASA.
Foto frå generalforsamling i DNB
Av /NTB.

Alle aksjeselskap skal halde generalforsamling éin gong i året. Det er det viktigaste møtet i selskapet. Dei viktigaste vala for aksjeselskapet blir tekne opp på generalforsamlinga. Alle aksjonærar kan delta på generalforsamlinga, og stemme i saker som blir tekne opp.

Generalforsamlinga vel eit styre for aksjeselskapet. Det må vere minst éin person i styret. Styret er ansvarleg for å drive aksjeselskapet. Styret kan velje å tilsetje ein dagleg leiar eller direktør. I mange aksjeselskap er eigaren sjølv dagleg leiar, og sit i styret.

Aksjeutbytte

Når eit aksjeselskap tener nok pengar, er det vanleg at selskapet betaler ut pengar til eigarane. Det heiter aksjeutbyte. Generalforsamlinga avgjer om selskapet skal gje aksjonærane utbyte, og kor mykje dei skal få per aksje.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen