Biljard er eit spel og ein sport mellom to personar. Spelet går føre seg på eit biljardbord. Ein bruker ein stokk til å støyte kuler med ulike fargar. Stokken blir også kalla ein .

Eit biljardbord har vanlegvis seks hol. Spelaren bruker køen til å støyte kulene ned i eitt av hola. Det finst òg biljardbord utan hol.

Det blir spela fleire ulike typar biljard. Det er eigne reglar for kvar type biljard. Ein brukar vanlegvis ei kvit kule, som spelarane skal støyte for å treffe dei andre kulene. Den kvite kula blir av og til kalla køball.

Utstyr

Eit biljardbord er dekt med anten ull eller ei blanding av ull og nylon. Bordet er vanlegvis dobbelt så langt som det er breitt, og storleiken varierer for dei ulike typane spel.

Køen er laga av tre. Han veg omtrent ein halv kilo og er rundt 1,40 meter lang. På tuppen av køen er det eit lag av lêr.

Kulene veg frå 140 til over 200 gram. Kulene har ulik farge og storleik, til ulike typar biljard.

Typar

Som sport er biljard delt inn i tre typar:

  • Pool, der ein har ei kvit kule og 15 kuler i ulike fargar, med nummer frå 1 til 15. Ein får poeng, ved å støyte kulene i bestemde hol i bordet. Det finst ulike typar pool. Dette er den mest populære typen biljard i Noreg.
  • Snooker, som har eit større bord og fleire kuler enn i pool. I pool har ein mange raude kuler og nokre i andra fargar. Spelaren får poeng, ved å støyte først dei raude, og deretter dei farga, kulene ned i hola.
  • Carambole blir spela med tre kuler på bord utan hol. Spelaren får poeng, ved å treffe dei to andre kulene med kvite køballen.

Folk som speler biljard berre for moro, spelar ofte med færre reglar enn i profesjonelle konkurransar. Biljardbord på hotell, fritidsklubbar eller heime hjå folk er ofte mindre enn dei som blir brukt i konkurransar.

Historie

Det blei arrangert VM i biljard allereie på slutten av 1800-talet. Utover på 1900-talet blei biljard meir og meir populært i Noreg.

Norges Biljardforbund har rundt 5000 medlemmer. I tillegg speler mange tusen biljard på fritida i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby