Skilsmisse er det å avslutte eit ekteskap. Det å få skilsmisse heiter å bli skild eller å skilje seg.
Dersom ein ikkje vil vere gift lenger, melder ein frå til det offentlege. Det tek mellom eitt og to år å få skilsmisse. Dei som er gifte treng ikkje å vere samde om å skilje seg, det held at éin person vil det.