Hopp til innhald

Valuta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Valuta er ei eining for betalingsmiddel for eitt eller fleire land. Ordet kjem gjennom italiensk frå det latinske ordet «valere», som tyder «er verdt».[1]

I tidlege tider veit ein at myntar frå framande land vart godtekne som gangbar «valuta», mest truleg fordi dei bestod av edelt metall som hadde verdi overalt. Før den andre verdskrigen var det framleis landet sin gullreserve som stod som garanti for eit land sin valutareserve.

Mange land brukar framand valuta (til dømes amerikansk dollar), nokre land brukar felles valuta (til dømes euro), medan dei fleste land brukar sin eigen valuta.

Døme på valuta er norsk krone (NOK), britisk pund (GBP), australsk dollar (AUD) og russisk rubel (RUR). Forkortingane blir oppretta av ISO gjennom ISO 4217.

Tidlegare valutaeiningar (siste 50 år)

[endre | endre wikiteksten]
  1. «valuta» i Nynorskordboka.