Matallergi er allergisk reaksjon mot matvarer. Årsaka til matallergi er ein overreaksjon frå immunforsvaret, med antistoffet IgE som ein viktig del av mekanismen. Det kan i nokre tilfelle vere vanskeleg å skilje matallergi frå matvareintoleranse. Ved matvareintoleranse er ikkje immunsystemet og allergisk reaksjon ein del av mekanismen.
Opplysningar om at nokon har matallergi, må alltid bli tatt alvorleg av dei som lagar eller serverer mat. Allergiske reaksjonar mot mat kan vere svært alvorlege og nokre gongar livstruande. Dette gjeld også ved inntak av berre ørsmå mengder av den maten som vedkommande er allergisk mot. Bruk av ei dårleg vaska skjerefjøl eller steikepanne kan vere nok til å starte ein livstruande reaksjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.