Vekstspurt er rask høgdevekst i byrjinga av puberteten.
Faktaboks
- Også kjend som
-
innhentingsvekst
Hos jenter startar vekstspurten ved fysisk alder (skjelettalder) omkring ti år. Den årlege tilveksten når eit maksimum før den første menstruasjonen (menarken), omkring tolvårsalderen – då kan tilveksten vere opptil elleve centimeter. I året etter menarken aukar høgda til jenter med gjennomsnittleg seks til sju centimeter.
Hos gutar kjem vekstspurten eit par år seinare enn hos jenter, og han når også maksimumet sitt eit par år seinare, det vil seie gjennomsnittleg omkring 14-årsalderen. Vekstspurten kan då vere tolv centimeter eller meir på eitt år.
Pubertetsutviklinga varer i cirka fire år, og då er tilveksten stort sett avslutta.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.