Christian Skredsvig var ein norsk målar og forfattar. Han høyrde til «gullalderen» i norsk kunst og var ein av Noregs mest folkekjære landskaps- og dyremålarar.
Med ulike teknikkar veksla Skredsvig mellom naturalistiske dyre- og landskapsmåleri, portrett, religiøse motiv og folkloristiske motiv. Han var ein av dei norske målarane som raskast gjorde seg kjend med nye tendensar i fransk kunst, som til dømes plein air, det vil seie å måle i friluft. Skredsvig var ein av pionerane i utviklinga av frilufts- og stemningsmåleri i Noreg i 1880-åra.
Skredsvig stilte ut første gongen på industriutstillinga i Drammen i 1873, og i 1881 fekk han den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for eit fransk gardsmotiv, Ferme à Venoix (1881). Med dette friluftsmålarstykket fekk han gjennombrotet sitt internasjonalt. Deretter vann han seg eit namn som kunstnar og forfattar heime i Noreg. Den første separatutstillinga var i Fritzners Paviljong i Kristiania i 1886. Stemningsmåleriet Seljefløyten (1889) fekk ein sentral plass i norsk gullalderkunst.
Forfattarskapen hans var liten, men populær i samtida. Han fekk dikt på trykk i 1880-åra og gav ut den første boka i 1908. Den halvt sjølvbiografiske forteljinga om møllarsonen Even Strand vart publisert i åra 1912–1916.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.