Kinsarvik er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 764 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg inst i Kinsarvikbukta på austsida av Sørfjorden like innanfor munningen i Hardangerfjorden. Frå tettstaden fører Husedalen søraustover opp til Hardangervidda; gjennom dalen renn elva Kinso som har sitt utløp i fjorden i tettstaden.
Riksveg 13, indre stamvei på Vestlandet, går gjennom tettstaden, og det er bilferjesamband til Utne og Kvanndal. Staden er kjend mellom turistar, med hotell og campingplassar.
Kinsarvik har middelalderkyrkje (1150-1200) i romansk stil med restar av eldre stolpekyrkje frå 1000-tallet under. Det er restar av langskipsnaust fra skipreidetida (ca. 900–1350) ved ferjeleiet. På 1500- og 1600-talet var det stor trelasteksport til Storbritannia; denne gjekk frå Skotteflu ved det noverande ferjeleiet.
Kinsarvik var kommunesenter i Ullensvang før kommunesamanslåinga i 2020.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.