Kristian Birkeland blei cand.real. i 1890. Han var lærar ved Aars og Voss skule, og deretter universitetsstipendiat i 1893. Han hadde eit studieopphald i Paris hos Henri Poincaré og Paul Émile Appell, i Genève hos Edouard Sarasin og Lucien de la Rive, ei kort tid hos Heinrich Rudolf Hertz i Bonn og til slutt i Leipzig. Han blei utnemnd til professor i fysikk ved Universitetet i Oslo i 1898, då han berre var 31 år gammal.
Allereie med sitt første vitskaplege arbeid, eit studium av elektromagnetiske bølgjer som førte til ei generell løysing av Maxwells likningar (1895), vekte Birkeland oppsikt.
Etter oppdaginga av katodestrålane blei han sterkt interessert i den eksperimentelle sida av dette nye forskingsområdet. Studiar av katodestrålar si åtferd i eit magnetfelt var bakgrunnen for den nordlysteorien Birkeland lanserte i 1896. Han hevdar her at nordlyset kjem av katodestrålar som blir sende ut frå Sola. Desse blir trekte inn mot dei magnetiske polane, der dei får atmosfæregassen til å lyse. For å bevise dette sette han i gang ei undersøking av solflekkane.
Birkeland utførte ei rekkje laboratorieeksperiment og organiserte ekspedisjonar for å studere nordlyset og samanhengen mellom dette og forstyrringar av magnetfeltet til Jorda. Laboratorieeksperimenta hans var svært avanserte for si tid. I store utladingskar plasserte han ei lita magnetisert kule, ein terrella (lita jord), som han bestrålte med katodestrålar. Dette forårsaka lysfenomen som i framferd og plassering på kula likna nordlys. Han kunne òg la kula sjølv sende ut katodestrålar, og fekk fram effektar som likna på andre kosmiske fenomen, som Saturn sine ringar, zodiakallyset, spiraltåker og så bortetter.
Under dei tre nordlysekspedisjonane sine (1897, 1899–1900 og 1902–1903) oppretta han også fire observatorier. Den mest kjende av desse er stasjonen på fjellet Halde (Lille Halde / Sukkertoppen) i Kåfjord ved Alta. Denne stasjonen blei seinare utvida og var i permanent drift fram til 1926.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.