Kristina er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Christianus med tydinga ‘som høyrer Kristus til; kristen’.
Kristina (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Kristina
Eit utval personar med namnet Kristina, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kristina Håkonsdatter (1234–1262)
- Kristina Gyllenstierna (1494–1559)
- Kristina (svensk dronning) (1573–1625)
- Kristina Augusta (1626–1689)
- Kristina Aronson (1892–1956)
- Kristina Lugn (1948–2020)
- Kristina Landsverk (1952)
- Kristina Gjems (1960)
- Caroline Kristina Birgitta Wahlström Nesse (1966)
- Kristina Šmigun (1977)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 686 kvinner i Noreg som hadde Kristina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 13 jenter som fekk namnet Kristina.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristina og Christina slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. På 1800-t var suffikset -ine klart meir vanleg enn -ina (Jensine – Jensina). Også på 1900-talet dominerte formene på -ine, men dominansen for -ine-formene var mindre markant under toppfasane i siste del av 1900-talet.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Kristina var mest brukt i Rogaland og Hordaland.
Kristina var mest brukt i Rogaland og Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Christina.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.