Mariann er eit kvinnenamn som kan vere e-laus form av Marianne.
Mariann (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Mariann
Eit utval personar med namnet Mariann, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mariann Fischer Boel (1943)
- Mariann Mortensen Kvistnes (1951)
- Mariann Hole (1981)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 159 kvinner i Noreg som hadde Mariann som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Både Marianne og Mariann byrja på eit oppsving i 1940-åra, og begge nådde toppen i 1965–1969. Marianne kan forklarast som eit fransk namn, men kurveprofilen til Marianne stemmer ikkje med dei franske namna, for dei hadde toppfasen innanfor tidsrommet 1975–2009. Ut frå dette kan det vere vel så rimeleg å sjå på Marianne og Mariann som norske namn samansett av Mari og Ann(e), for samansette norske kvinnenamn var mest brukte innanfor perioden 1920–1949. Sidan år 1900 har Marianne vore brukt nesten seks gongar meir enn Mariann.
Utvikling i bruk av namnet Mariann frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.