Olav Sletto var ein norsk forfattar og lærer. Han skreiv episke dikt, romanar, barnebøker og skodespel.
Sletto debuterte som forfattar med forteljinga Dei gamle (1908). Sentralt i Slettos store produksjon står den mytologiske diktinga om Loke:
- Loke (1915)
- Domen (1916)
- Millom eldar (1917)
- Skyming (1918)
I ei rekkje romanar henta Sletto emne frå den eldste kyrkjehistoria, mellom anna trilogien Valet (1926), Primas (1927) og Frukt (1928). På heimleg grunn bevegar han seg i dei ypparlege sjølvbiografiske barndomsskildringane Per Spegil (1939), Per sjøl (1940), Per Stavlang (1941) og Per Spelmann (1942), og i verket om Røgnaldsfolket (fem bind, 1943–1950). Boki um Olver (1954), På høgt berg (1956) og Upp bakke og ned dal (1957) er sjølvbiografiske romanar. Sletto skreiv også skodespel.
Han fekk kunstnarløn frå 1960.
Kommentarar (2)
skreiv Eva Almhjell
Er dette å forstå som at mitt forslag til artikkel om Olav Sletto - på nynorsk - er avvist?
svarte Guro Djupvik
Hei, Eva.
Behandlede endringsforslag skal dukke opp i endringshistorikken til artikkelen, her: https://snl.no/.versions/list/165553
Jeg kan ikke se verken godkjente eller avviste forslag fra deg her.
Vennlig hilsen Guro Djupvik i redaksjonen
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.