Konventikkel er private religiøse samankomstar med oppbyggjeleg skriftlesing og bøn. Dei fanst både i mellomalderen og i reformasjonstida, men blei særleg vanlege hos Phillip Jakob Speners venner (pietistane) ifølgje skriftet hans Pia desideria («Fromme ønske») frå 1675, der slike møte blei tilrådde.
konventikkel
Konventikkelplakaten
Også i Danmark-Noreg fekk private religiøse møte innpass. Då dei kunne føra til kyrkjeleg uorden og kjetterske oppfatningar, utferda Christian 6 i 1741 ei forordning om dei religiøse forsamlingane, vanlegvis kalla Konventikkelplakaten. Etter denne forordninga skulle prestane føra kontroll med konventikkelverksemda. Det var mellom anna etter denne lova Hans Nielsen Hauge blei fengsla og dømd. Konventikkelplakaten blei oppheva i Noreg i 1842.
Etter opphevinga kom det ei rekkje kristne organisasjonar både med tilknyting til Den norske kyrkja og som uavhengige religiøse samfunn. Blant organisasjonane som blei starta, var dei første misjonsorganisasjonane. Ein av dei sentrale personane var futen Søren Schiøtz, som også var aktiv i brødremeinigheita.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.