Perfektum partisipp er ei infinitt bøyingsform av verbet som viser til noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt — det vil seie før fortid, før notid eller før framtid, som i desse eksempla, der stolen (perfektum partisipp av stele) står som adledd til bil:
- Før fortid: Han fann ein stolen bil.
- Før notid: Han leitar etter ein stolen bil.
- Før framtid: Dersom vi finn ein stolen bil i morgon, ringjer vi til politiet.
Eit perfektum partisipp kan òg fungere som predikativ:
- Før fortid: Bilen var stolen.
- Før notid: Bilen er stolen.
- Før framtid: I morgon trur eg denne bilen er stolen.
Som eksempla over viser, er transitive verb passive i slike konstruksjonar, i motsetnad til intransitive verb:
- Ein forsvunnen bil.
- Bilen er forsvunnen.
Transitive verb blir aktive når dei har hjelpeverbet ha:
- Før fortid: Han hadde stole bilen.
- Før notid: Han har stole bilen.
- Før framtid: Om ikkje lenge har han nok stole bilen att.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.