Vaksinemotstand er å motarbeide bruken av vaksinar. Frykt for reelle eller hypotetiske biverknader er ei viktig årsak til slik skepsis, men motstanden kan også vere knytt til livssyn og religion, generell uvilje mot styresmakter (ofte kombinert med konspirasjonsteoriar) eller mangelfull vitskapleg forståing.
Motstand mot vaksinasjon har eksistert heilt sidan den første vaksinen blei utvikla av Edward Jenner i 1796. Dette kan forklarast med at vaksinar enno var eit nytt fenomen, og at dei første vaksinane ikkje var like effektive som dagens vaksinar. Gjennom 1900-talet blei det lansert stadig fleire vaksinar, og det blei større allmenn oppslutning om vaksinasjon etter kvart som vaksinane viste seg effektive mot fleire farlege sjukdommar. Frå tusenårsskiftet har vaksinemotstanden igjen auka, og i vår tid blir nye vaksinar møtt med stor skepsis i enkelte miljø.
Også i Noreg ser ein stadig døme på slike haldningar, sjølv om vaksinasjonsdekninga i landet vårt framleis er høg.
Vaksinar berekna på barn blir mest vektlagde i diskusjonen om verdien av og grunnlaget for vaksinasjonen.
I 2019 omtalte Verdshelseorganisasjonen – WHO motstanden mot vaksinasjon som ein av dei ti viktigaste truslane mot global folkehelse. Vaksinar har redda fleire liv og hindra meir alvorleg sjukdom enn noko anna medisinsk framsteg, og vaksinasjon er truleg den mest kostnadseffektive medisinske reiskapen som finst. Globalt blir omkring 2–3 millionar menneskeliv redda som følgje av vaksinar kvart år. Reknar ein også liv spart ved at koppar blei utrydda, er 8 millionar sparte liv årleg meir korrekt. I perioden 2000–2013 redda meslingvaksinen åleine livet til omkring 15,6 millionar barn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.