I heile mellomkrigstida prøvde Hambro å få til eit samarbeid med Johan Ludwig Mowinckel om ei breiare koalisjonsregjering på høgreside, men utan å lykkast. Hambro hadde derfor gitt opp, men Lyng ville prøve, og den nye generasjonen høgrepolitikarar som kom på Stortinget etter krigen, med Sjur Lindebrække i spissen, innsåg etter kvart at skulle ein bryte Arbeidarpartiets maktmonopol, så måtte det etablerast eit realistisk alternativ. Tidleg i 1950-åra tok John Lyng til å arbeide for det.
Eit heilt avgjerande middel var å endre valordninga. Ved valet i 1949 hadde Arbeidarpartiet fått 85 av dei 150 mandata, mens dei borgarlege partia hadde fått berre 65, og det endå dei borgarlege partia samla hadde nesten 40 000 fleire stemmer. Det var den såkalla «bondeparagrafen» som måtte opphevast. Byane og landdistrikta var kvar sine valdistrikt, og det var grunnlovsfesta at landdistrikta skulle ha to tredjedelar av mandata på Stortinget. I si tid vart ordninga innført for å sikre at dei relativt små byane skulle få fleire mandat enn dei etter folketalet skulle ha hatt, men no hadde byane blitt store og skilnaden i folketal mellom by og land var om lag 2:1 (sjå valordning i Noreg). Dermed vart paragrafen grovt diskriminerande for byane.
John Lyng inngjekk eit kompromiss med Arbeidarpartiet om å avskaffe bondeparagrafen mot at Ap gjekk med på å endre det første delingstalet ved mandatfordelinga frå 1,5 til 1,4. Det siste ville vere til fordel for dei mindre partia. Avstemminga var ein thriller, men Lyng fekk med seg 13 frå Høgre, fire frå Venstre og ein frå KrF, og saman med heile Ap-gruppa vart det grunnlovsmessig fleirtal. Henry Valen har rekna ut at med bondeparagrafen intakt ville Arbeidarpartiet ha fått reint fleirtal ved alle val fram til 1969.
Dei første to periodane sine på Stortinget engasjerte John Lyng seg særleg i saker som handla om statens aukande makt over borgarane. Han hadde særleg kompetanse i debatten om rettsoppgjeret etter krigen, og meinte det var altfor stort lagt opp. Det var feil å nytte omgrepet «landssvikar» på ein som berre var NS-medlem under krigen, meinte han. Alt i 1948 gjekk han mot bruken av dødsstraff. Også under drøftinga av beredskapslovene i 1950, sto Lyng i spissen for å få fjerna dei mest ekstreme og udemokratiske paragrafane. Det same var tilfelle med dei omstridde prislovene.
I 1953 gjekk han ut av Stortinget for å bli lagmann i Agder. Alt i 1951 hadde han blitt utnemnd i dette embetet og familien hadde flytta inn i embetsbustaden i Skien. Han var lei av å vere i stendig opposisjon, og med små utsikter til eit maktskifte. Han sa nokså klart og tydeleg at han aldri meir ville bli stortingsrepresentant, men godtok å stille ved valet i 1957. Denne gang på sikker plass frå Akershus. Han blir vald til parlamentarisk leiar for Høgre i mai 1958, og no gjekk han for alvor i gang med det store prosjektet sitt: å skape eit realistisk borgarleg regjeringsalternativ.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.