Klosteret på Selja blei gradvis utbygd og endra i løpet av 1100- og 1200-talet. Det karakteristiske og massive kyrkjetårnet som framleis står, kom til på 1100-talet. På siste halvdel av 1200-talet og tidleg på 1300-talet blei klosterfirkanten utvida og oppført i stein. Klosterkyrkja blei også kraftig ombygd og utvida, denne gong med ein rektangulær grunnplan og nytt kor i aust.
Dagens ruinar speglar anlegget slik det låg frå første halvdel av 1300-talet og framover. Då sto klosteret som ein klassisk klosterfirkant i stein etter europeisk mønster. Det var truleg sakristi og kapittelsal i aust med sovesalar i etasjen over. Spisesal og kjøkkenfunksjonar låg vende mot sør, medan lagerrom og andre praktiske funksjonar låg i vestfløyen. Ved det sørvestre hjørnet låg også ein kraftig hjørnebygning med tjukke murar, som er tolka som abbeden sin bustad. Dei fire fløyane i klosterfirkanten omkransa eit gardsrom eller klostergang sentralt i anlegget. Klostergangen var beskytta mot den verste vinden og knytte samstundes dei ulike bygningsdelane saman.
Også området utanfor klosterfirkanten er godt bevart med murar og bygningsrester. Nord for klosterkyrkja ligg kyrkjegarden omkransa av ein mur. På sørsida av klosteranlegget låg fleire bygningar knytte til drifta av klosteret, som sjukestove og gjestehus.
I skråninga ovanfor klosteret tronar framleis i dag eit stort terrasseanlegg i tre nivå, truleg anlagt i tiåra fram mot 1170. Det er sannsynleg at steinmurane i mellomalderen var kvitkalka, slik at dei ville vere synlege på lang avstand. På øvste nivå ligg i dag ruinen etter Sunnivakyrkja. Vidare opp ligg Salen, eller hellerkapellet, som i mellomalderen var eit kyrkjerom lagt i sjølve hola i fjellveggen. Terrasseanlegget kunne i mellomalderen romme store folkemengder i samband med feiringa av store festdagar, først og fremst feiringa av seljumannamesse 8. juli.
Hundreåret etter svartedauden var ei krevjande tid for mange kloster, også for klosteret på Selja. Klosteraktiviteten tok slutt kring 1470, då biskop Finnboge av Bergen (1461–1474) oppløyste klosteret og la klostergodset under bispestolen i Bergen. Også etter at drifta av klosteret var nedlagt, var det ein prest knytt til Selja. På slutten av 1400-talet var der eit feilslått forsøk på å gjenopprette klosterlivet på Selja. Klostergodset blei i 1545 overført til Sankt Jørgens hospital for spedalske i Bergen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.