Faktaboks

Etymologi

norrønt Staðr 'stanse' eller 'det som står'. Den kjende forma Stadt er frå tysk.

Også kjend som

Staden, Stad(s)landet, Stadt

Uttale

statt, staden, stalande:, stasslande:

Administrasjonssenter
Nordfjordeid
Fylke
Vestland
Innbyggjartal
9 610 (2024)
Landareal
695 km²
Høgaste fjell
Glitregga (1297 moh.)
Målform
nynorsk
Stad sitt kommunevåpen inneheld St. Sunniva og ein fjording (hest)
Kart: Stad kommune i Vestland
Stad kommune i Vestland fylke.
Kart: Stad kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tverrgata, Nordfjordeid

Nordfjordeid

Stad er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen blei oppretta i 2020 som del av den landsomfattande kommunereforma. Den nye kommunen blei til ved samanslåing av tidlegare Eid og Selje kommuner og tok over ein del av Vågsøy, som ikkje blei med i nye Kinn kommune.

Stad kommune omfattar områda rundt vestre del av Hornindalsvatnet, Eidsdalen, Hundvikfjorden og Utfjorden, Eidsfjorden og vidare vestover til Stadlandet.

Natur

Hornindalsvatnet

Hornindalsvatnet er 50,5 kvadratkilometer, 514 meter djupt og ligg 53 meter over havet.

Stadlandet i vest er ei halvøy på 500 meter over havet som stuper bratt ned i sjøen. Austover langs Nordfjord og Eidsfjorden blir fjella høgare, og sør for Hornindalsvatnet ragar Glitregga 1297 meter over havet. Berggrunnen består av gneis og gneisgranitt som tilhøyrer Gneisregionen. Hornindalsvatnet lengst aust i kommunen er Vestlandets største, og med ei djupn på 514 meter er den Noregs og Europas djupaste innsjø.

Havet utanfor Stadlandet er ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten. Heilt sidan 1870-åra har det kome framlegg om ein skipstunnel gjennom halvøya for å gjere leia tryggare og raskare.

Busetjing

Hoddevik
Hoddevik / Hoddevika

Folketal

tidspunkt
1951 7094
1952 7115
1953 7191
1954 7193
1955 7286
1956 7202
1957 7158
1958 7161
1959 7117
1960 7188
1961 7137
1962 7157
1963 7255
1964 6939
1965 7952
1966 7904
1967 7868
1968 7885
1969 7899
1970 7924
1971 7883
1972 7930
1973 7935
1974 8074
1975 8168
1976 8208
1977 8255
1978 8340
1979 8415
1980 8466
1981 8489
1982 8549
1983 8593
1984 8687
1985 8734
1986 8699
1987 8728
1988 8726
1989 8756
1990 8822
1991 8747
1992 8958
1993 9009
1994 8991
1995 8980
1996 8996
1997 8995
1998 8973
1999 8914
2000 8846
2001 8864
2002 8795
2003 8808
2004 8829
2005 8765
2006 8759
2007 8759
2008 8726
2009 8735
2010 8670
2011 8715
2012 8781
2013 8709
2014 8708
2015 8739
2016 8789
2017 8855
2018 8914
2019 8898
2020 9457
2021 9517
2022 9527
2023 9543
2024 9610
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Over halvparten av befolkninga i Stad kommune bur i Nordfjordeid og Mogrenda. Det er elles relativt tett busetjing i Eidsdalen og langs nordsida av Eidsfjorden.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det fem tettstader i Stad. Tettstadene er til saman 4,3 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Nordfjordeid 3 129 33 % 2,5 km²
Selje 714 7 % 0,8 km²
Mogrenda 378 4 % 0,3 km²
Bryggja 348 4 % 0,4 km²
Torvika 234 2 % 0,3 km²
Sum 4 803 50 % 4,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Stad kommune som bur i tettstaden.

Kart over Stad kommune
Kart over Stad kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk har lenge vore ei viktig næring, særleg i indre delar av kommunen. Hovudvekta ligg på husdyrhald, og somme driv òg med frukt og bær. Knapt halvparten av skogarealet er barskog, og delen er stigande. Industrien er variert med ein vesentleg konsentrasjon til Nordfjordeid. Ved kysten er fiske, fiskeoppdrett og turisme viktige næringar. Reiseliv er i aukande grad viktig for kommunen, med vekt på opplevingsturisme knytt til natur og kulturhistorie.

Stad har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei ni vasskraftverka i kommunen produserer til saman 24,0 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Kjørstad (i drift fra 2016), som står for om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Skorge (1936) og Jølåna (2011). Kjørstad Kraft er hovudeigar av om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er SFE Produksjon med om lag ein fjerdedel.

Samferdsel

Riksveg 15 går frå Måløy gjennom Stad og Stryn over Strynefjellet til Otta i Gudbrandsdalen. Frå Stryn går fylkesveg 60 vidare langs Innvikfjorden og over Utvikfjellet til E39 i Byrkjelo i Sunnfjord.

Stad har to vegsamband til Ålesund: E39 frå Grodås gjennom Kvivstunnelen/Kvivsvegen langs Austefjorden til Volda/Ørsta og ferje Festøya–Solavågen, eller fylkesveg 60 via Hellesylt/Stranda/Sykkylven med ferje Aursnes–Magerholm.

E39 held fram sørover frå Nordfjordeid og fører ved ferjesamband over Nordfjorden sørover til Sunnfjord og Sogn. Det er ferjesamband over Nordfjorden ved Stårheim til Isane i Bremanger og riksveg 614/riksveg 5 sørvestover til Florø.

Fylkesvegar når ut til dei ytste delane av Stadlandet. Det er ekspressbåtsamband til Bergen. Stad skipstunnel skal byggjast gjennom Stadlandet mellom Moldefjorden og Kjødepollen, med planlagd byggjestart i 2022 og forventa opning i 2026.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssenter i Stad kommune. Nordfjordeid er kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av Nordfjordområdet. Her er òg sjukehus, folkehøgskule, vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord.

Stad høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og nordre del av Kinn (tidlegare Vågsøy).

Stad kommune tilsvarer dei seks sokna Eid, Kjølsdalen, Stårheim, Ervik, Leikanger og Selje i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Stad til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Stad

For statistiske formål var Stad kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 41 grunnkrinsar. Etter kommunereforma i 2020 vart grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad i Vågsøy kommune lagt til Stad, medan resten av Vågsøy vart lagt til Kinn kommune.

  • Austre Eid: Heggjabygda/Navelsaker, Holmøyane, Leivdal, Nes, Hjelle
  • Nordfjordeid: Skårhaug, Myroldhaug/Langeland/Stokkenæs, Lunden/Gjerde/Osnes, Nordfjordeid, Myklebust, Myklebuståsen, Os, Hundeidet, Torheim/Sørland, Lote
  • Vestre Eid: Haugen, Hjelmelandsdalen, Naustdal, Remmedalen, Myrold, Høynes, Reksnes, Kjøllsdal, Haus/Lefdal, Totland, Bryggja, Maurstad
  • Selje: Kjøde, Stokkevåg, Årdal/Selje, Selje/Selja, Djupedal/Berge, Eide/Moldestad, Barmen, Pollane, Flatraket
  • Stadlandet: Rekvika/Sande, Indre Leikanger, Ytre Leikanger, Eltvik/Borgundvåg, Honningsvåg/Årvik, Ervik, Refsnes, Fure/Drage/Hoddevik

Historikk og kultur

Selje

Selje. Klosterruinane på øya Selja, Vestlandets første bispesete. Klosteret vart bygd kort etter 1100 av engelske benediktinarmunkar. Kyrkja vart vigd til St. Alban, og tårnet står enno i full høgd (14 meter).

Av /KF-arkiv ※.

Det er gjort fleire funne frå stein-, bronse- og jernalder. På øya Selja i Sildegapet finst ruinar av Selje kloster, eit benediktinarkloster som vart bygd tidleg på 1100-talet. Ruinar etter klosteret er vigd Sankt Albanus og Sankt Sunniva. Selje var det første bispesetet i landet. Det vart oppretta på Olav Kyrres tid og flytta til Bergen i 1170. Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre, oppført i 1849 og påbygd i 1915.

Ytst på Stadlandet finst restar etter tyske forskansingar frå andre verdskrigen. På Dragseidet står ein stort steinkross som i 1913 vart reist til minne om Olav Tryggvason, som ifølgje soga kristna fire fylke i 997.

I Hjelmelandsdalen, ti kilometer nordvest for Nordfjordeid, ligg Harpefossen Skisenter.

Nordfjordeid er eit sentrum for fjordhesten, og kvar vår er det fjordhestutstilling her. Opera Nordfjord vart skipa i 1998, med årlege produksjonar i eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar, og i 2009 opna Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid. Malakoff, ein av dei største musikkfestivalane på Vestlandet, har vore arrangert på Nordfjordeid sidan 2003. I 2019 opna Sagastad, eit kunnskapssenter om vikingtida bygd rundt det rekonstruerte Myklebustskipet.

Fjordabladet er den største avisa i kommunen og har hovudkontor på Nordfjordeid. Avisa kom først ut i 1874, då under namnet Fjordenes Blad. Sidan 1920 har ho vore redigert på nynorsk. Fjordenes Tidende, med hovudkontor i Måløy, er den andre lokalavisa som dekkjer kommunen. Ho har kome ut sidan 1909 og har tradisjonelt vore redigert på bokmål, men brukar i dag òg nynorsk. Begge avisene kjem ut tre gonger i veka.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg