Finsk har adessiv-suffikset -lla ~ -llä (avhengig av vokalane i stamma). Dei vanlegaste tydingane til kasusen adessiv i finsk er 'på' og 'ved', som illustrert i desse setningane, der asema 'stasjon' og vyö 'belte' har kasuset adessiv:
-
Juna on asemalla. 'Toget (juna) er (on) på stasjonen (asemalla)'
-
Puukko on vyöllä. 'Kniven (puukko) er (on) ved beltet (vyöllä)'
Adessiv blir òg nytta i mange tidsutttrykk der det kan setjast om med 'om', som i talvella 'om vinteren' og päivällä 'om dagen'.
Finsk har ikkje noko verb som tyder 'ha', og brukar i staden ein konstruksjon der eigaren (den som har noko) står i adessiv:
-
Toivolla on uusi vene 'Toivo har ein ny båt', det vil seie "Hos Toivo (Toivolla) er (on) ny (uusi) båt (vene)"
I finsk grammatikk blir adessiv kalla eit ytre påstadskasus, og står i motsetnad til allativ (ytre tilstadskasus) og ablativ (ytre fråstadskasus), som illustrert i desse eksempla, med substantivet pöytä 'bord' (stamma er pöydä- føre mange kasus-suffiks):
- Allativ: pöydälle 'opp på bordet'
- Adessiv: pöydällä 'på bordet'
- Ablativ: pöydälle 'frå bordet'
Dei tre ytre kasusa står i motsetnad til tre indre kasus, illativ (indre tilstadskasus), inessiv (indre påstadskasus) og elativ (indre fråstadskasus), som i desse eksempla, der talo tyder 'hus':
- Illativ: taloon 'inn i huset'
- Inessiv: talossa 'i huset'
- Elativ: talosta 'ut av huset'
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.